Folkets Hus vart innvigd sommaren 1920, og som det einaste møtelokalet i Svelgen, var det fram til 1961 nytta til alle slags tilskipingar som basar bryllaup og liknande. Det var kino kvar søndag og onsdag. Under krigen tok tyskarane det i bruk til innkvartering og spelte propagandafilmar på spesielle kveldar. Huset vart rive i 1974.
Christiania Spigerverk stod for bygginga av Svelgen samfunnshus. Det var organisert som eit lutlag, og lutane vart overdregne til alle lag og organisasjonar i Svelgen. Privatpersonar teikna seg også for lutar. Svelgen Samfunnshus vart bygd og teke i bruk 13. September 1961. Ei byste av direktør Gunnar Schelderup er plassert ved hovudinngangen til huset.
Svelgen Kino
STORKJØKKEN
Utstyrsliste scene
Bursdag eller andre anledninger til å samlast passer fint i småstova / småsalen. Det er eige kjøkken i andre etasje.
Bryllup, firmafest eller gallamiddag.
Storsalen med velutstyrt storkjøkken.